Søk blant bedrifter som har deltatt på Møteforum Vis bransjer

Søk

Til toppen av siden

Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp

Plan Vest AS

Besøksadresse: Sæ 21, 5411 STORD
Postadresse: Postboks 667, 5404 STORD
Telefon: 53 40 37 80

Bransje: Arkitekter, Rådgivende ingeniører, Prosjektledelse

Nettside: www.planvest.no
E-post: post@planvest.no

Firmabeskrivelse

Plan Vest er etablert på Stord og arbeider innen area- og samfunnsplanlegging.
Vår målsetjing er å vera aktivt med i samfunnsutviklinga, i drøftinga om nye vegval for stad og samfunn og gjennom arbeidsprosessar synleggjere kvalitative mål. Vi ynskjer å sjå heilskapar gjennom estetisk god og tilpassa utforming og planlegging, og å skape føresetnader for stadens gode funksjonar og opphald. Vi dekkjer fagområda areal- og samfunnsplanlegging, ingeniørfaga innan samferdsle og veg, landskapsarkitektur samt VA.
Oppgåvene vi tek på oss krev gjennomgåande høg kompetanse og gode planressursar på eit høgt fagleg nivå. Med lang røynsle frå mange ulike prosjekt over heile Vestlandet har vi oppnådd brei og variert kunnskap som kjem kundane våre til gode. Vi har kundar med behov for å løyse mindre oppgåver og til dei store med behov for å løyse større og meir samansette og komplekse oppgåver. Vi kjenner norsk forvaltning godt og har erfaring frå kommunale saks- og søkjeprosessar.

Vår spesialkompetanse:

Arealplanlegging med tettstadutvikling og vegplanlegging

Våre målgrupper:

Stat, fylke, kommunar og private utbyggjarar

Selskapet har deltatt på følgende forum: Bygg og anlegg Haugesund 01. september 2011 | Bygg og anlegg Haugesund 04. september 2012 | Bygg og anlegg Haugesund 09. september 2013 | Bygg og anlegg Haugesund 01. september 2014 | Bygg og anlegg Haugesund 31. august 2015 | Bygg og anlegg Haugesund 31. mai 2017

Topp